Velkommen til vårt bryllup!
Vi ser fram til ei fantastisk fin helg ilag med alle vi er glade i, og håper du/dykk vil feire saman med oss!
Bryllupet
Både vielse og bryllupsfest vil finne stad i Hornnesvika i Førde, laurdag 23. mai 2026.
Kleskode
Vi gleder oss til å sjå dykk i finstasen!
Veibeskrivelse
Ta avkøyrselen frå hovudvegen mellom Hornnestunnelen og Bjørnsnestunnelen. Vi vil også sette opp eit skilt i dette området. Sjå også kartet under her.
Våre gåveønsker
Vi gleder oss aller mest til å feire dagen saman med dykk – det er den største gåva for oss!
Dersom du likevel ønsker å gje ein oppmerksomhet, setter vi stor pris på eit bidrag til bryllupsreisa vår.
Bidrag kan gjerne overførast til konto: 3720.21.54159
Skulle du ønske å gje ein meir konkret gåve, har vi også laga ei lita digital ønskeliste med nokon ting vi ønsker oss.
Fredag
Vi ønsker å invitere til ein uformell minglekveld på fredagskvelden.
Fredag inviterer vi til quiz og mingling på sjølvaste Treskeværket. Vi opnar dørene kl. 19:00, kom når du vil – men gjerne før quizstart kl. 20:30. Lyset går på ca. kl. 23:30, slik at alle er klare til den store dagen på lørdag!
For å sette stemninga håpar vi du tek på deg ein liten detalj frå dine eigne glansdagar på Tresken – eit plagg, eit par sko eller eit tilbehør som var ekstra "hot" på den tida.
For dykk som ikkje er frå Førde og lurer på kva vi snakkar om: ta på deg noko som var populært frå dine "glansdagar på byen".
Poenget er ikkje at nokon skal kjøpe noko nytt – her gjeld det å grave fram noko gammalt gull frå loft, bod eller bakerst i skapet! Vi ønskjer å presisere at det ikkje er eit kostymeparty, og ingen skal måtte leite gjennom alle kassane på loftet for å finne eit heilt antrekk – det held i massevis med ein liten detalj som gir eit lite nikk til den tida.
Men – kveldens hottaste stil blir sjølvsagt premiert!
Det blir ikkje servert mat denne kvelden, og drikke kjøper de sjølv i baren. Skulle du bli svolten i løpet av kvelden er det heldigvis kort veg til bolsing og burger på Best.
Treskeværket ligg i kjellaren på Scandic Sunnfjord Hotell.
Toastmastere
Toastmastere for dagen er
Aleksandra Groos Dyvik og Endre Erdal.
Ønsker du/dykk å holde tale eller ha eit innslag i løpet av dagen, ta kontakt med ein av dei.
Aleksandra: 993 13 292
Endre: 958 62 342
Svar på invitasjon
Barn er hjertelig velkommen til vielsen og påfølgende mingling.
Middag og bryllupsfest blir kun for voksne (18+)
Trykk her for å svareSvar ønskes innen 31.01.2026